Til oversikt

Kurs

Inspirasjon til vern

22/5/25
|
Kl.
18:00

Har du planar om å restaurere eit gamalt hus men kvir deg for å setje i gang? Velkommen til inspirasjonsdag!

Meld deg på
Meld deg på

Med inspirasjonsdagen, i regi av Gudbrandsdalsmusea, ynskjer vi å auke kunnskapen om bygningskulturen generelt, og kva som må til for å kome i gang med vern og istandsetting av eldre bygningsmasse.

Inspirasjonsdagen blir til på Øygarden i Sel kommune. Øygarden er først nemnt i 1576, og vart freda av Riksantikvaren alt i 1923. Inntunet er av dei meir spesielle i dalen, omkransa av åtte laftehus med svalgangar. Eigarar i dag er Freddy Bagge og Christine Bugjerde. Utan erfaring korkje frå landbruk eller gamle hus, kjøpte dei garden, kanskje med ein draum om noko anna.

Under arrangementet får du eit nytt og spennande blikk på garden som ressurs, utfordringar, potensiale og moglegheiter. Øygarden er i dag eit aktivt gardsbruk med mange aktivitetar gjennom året.

Eit førebels program ser slik ut:

Kl. 18.00 Vel møtt og omvising på Øygarden
Kl. 18.30 Freddy Bagge: Kåseri om Øygarden – innovasjon og moglegheiter
Kl. 19.00 Ingrid Blessom, Fortidsminneforeininga i Norddalen: Identiet, bygd og vern. 100 år med freding i Nord-Gudbrandsdalen
Kl. 19.30 Kaffe og biteti
Kl. 20.00 Musikalsk innslag
Kl. 20.15 Håvard Syse, bygningsvernrådgjevar i Gudbrandsdalsmusea: Hugseliste for meir bygningsvern
Kl. 20.45 Spørsmål og samtale
Kl. 21.00 Takk for i dag

Meld deg på her

For å delta på dette arrangementet må du fylle ut skjemaet her og sende det til oss, deretter vil du få en bekreftelse mail fra oss.
Ved spørsmål ta kontakt.

Kontakt oss

Påmelding til:

Dato:

|

Tidspunkt:

Fornavn*
Etternavn*
E-post*
Telefon*
Tusen takk for din påmelding.
Vennligst vent på bekreftelse fra oss.
Ojsann! Det oppstod et problem ved skjemaet. Vennligst sjekk informasjonen din og prøv på nytt.

Kommende Arrangementer

Oppdag våre spennende kommende arrangementer og workshops.

Se alle
Se alle